23/1 – 21/2 2016
Åpningstider:
Tirs – fre 11.00 – 15.00
Lør – søn 11.00 – 16.00
Vernissage:
23/1 kl.13.30
Vestlandsutstillinga 2016 – Lokale forhandlingar
Vestlandsutstillinga vert vist kvart år i Kabuso – som einaste visningsstad i Hordaland. Eit fint høve til å oppdatera seg på kva som skjer på kunstfronten på Vestlandet!
Deltakande kunstnarar:
Anne-Lise Stenseth, Annette Kierulf, Aud Bækkelund, Cato Løland, Cecilia Jonnsson, Christine Hansen, Dani Waafen Bråtveit, Elin Brissmann, Gard Aukrust, Jonas Silfversten Bergmann, Kiyoshi Yamamoto, Kurt Johannessen, Leander Djønne, Linda Soh Trengereid, Mari Kolbeinson, Synneva Heradstveit, Tonje Bøe Birkeland, Trond Lossius, Øyvind Johnsen, Åsne Eilertsen & co (Patrik Entian og Aleksi Wildhagen).
Om Lokale forhandlingar:
Kuratorane Lars Korff Lofthus og Sveinung Unneland ynskjer å bruka Vestlandsutstillinga 2016 til å undersøka kva det lokale kan tyda.
Stadig fleire fenomen synast å røra seg på tvers av kulturelle, geografiske og nasjonale grenser.
Nye nettverksformer og elektroniske skyformasjonar skapar klynger og grupperingar ein tidlegere ikkje kunne tenkja seg. Det lokale har endra natur.
Samstundes oppstår produksjon av meining lokalt og kan henda ikkje i fora me oppfattar som sentrale. Skildringar av heimlege omgjevnader utgjer ei nokså uavbroten linje i kunsten.
Er det relevant for deg å vere der du er for å undersøke det du vil? Ein kan lura på om det nære og heimlege kan få ein ny aktualitet – ikkje for å opphøga historia, men som eit forsøk på å lokalisera oss sjølve her og no.
