Select Page

23/09/2017 – 17/12/2017

Åpningstider:

tys– €fre kl. 11–15

lau–€“sun kl. 11–16

Vernissage:

23/09 kl. 13:30 – 16:00

Den brasilianske kunstnaren Maria Nepomuceno (1976-) lagar fargerike skulpturar med kjende og overraskande materialar. Tau er eit gjennomgåande element. Saman med perlar, fletta strå, keramiske element med meir skapar ho skulpturar som til dømes kan minna om levende vesen eller undersjøiske plantar. Spiralen går igjen og skulpturane endrar seg i møte med rommet dei vert stilt ut i.

Nepomuceno let seg inspirera av urfolket i Brasil sine handverkstradisjonar og fleire av verka vert til i eit kollektivt fellesskap. Tittelen på utstillinga, Afetosyntesis er sett saman av det portugisiske ordet afeto, som tyder hengivenheit eller kjærleik, og syntesis som tyder syntese eller foreining. Nyordet er inspirert av omgrepet fotosyntese, som skildrar korleis plantar produserer livsnødvendig oksygen. Nepomuceno viser til kor viktig kjærleiken og er for menneska med kunstverk som opnar for sanselege opplevingar. Utstilliga er produsert av Stavanger kunstmuseum, kor ho vart vist i ein meir omfattande versjon våren 2017.

Sculptures by brasilian artist Maria Nepomuceno(1976-). Works consisting of rope, ceramic elements, pearls and braided straw.

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

www.kabuso.no