Select Page

02/03/2019 – 24/03/2019

Åpningstider:

ons– søn kl. 12–16

Vernissage:

02/03 kl. 14:00 – 16:00

Gråtoneøvingar.
Å møta eit noko.

I Magnar Moen sine teikningar er kol, grafitt og sot på papir brukt som materiale. Her blir dei transparente, fleksible og homogene eigenskapane som bur i desse materiala prøvd ut.
Kraft og tyngde i det mørke og svarte møter strek som vekslar i styrke i romskapande banar eller kryssande spor. Det handlar om samantrekking, ekspansjon og oppløysing.

Teikningane har eit direkte og aksjonsprega uttrykk. Slik vil ofte noko organisk og kroppsleg koma til syne.

Da teikningane ikkje har direkte utanforliggande referansar, vil merksemda dei påkallar retta seg mot det visuelle og taktile som ligg nedfelt i sjølve arbeidsprosessen. Spontane hendingar og risikable koblingar er teke vare på.

Alt dette innbyr til subjektive tolkningar der noko lystig eller katastrofeprega kan ha plass.

Magnar Moen

Åpningstale 2/3 kl. 14.00 ved Arne Ingvaldsen

Drawings.

Galleri Langegården

Straumeveien 17 A, Fjøsanger, 5073 Bergen

http://www.langegaarden.no