Select Page

29/03/2017 – 31/05/2017

Åpningstider:

mon– €fri kl. 08–21

Vernissage:

29/03 kl. 11:00 – 12:00

THE COMMONUMENT – Vågestykke #7 Vil du vere med? Onsdag 29.03 opnar The Commonument ved HVL, Campus Kronstad, i regi av KOROs Vågestykke. Der blir den ståande gjennom april og mai, tilgjengeleg for alle som vil vere med å utvikle den vidare. Kort fortald er verket ei kollektiv steinhogging. Ein klebersteinsbauta frå Gullfjellet i Bergen blir montert i foajéhagen på Campus Kronstad saman med handverktøy til steinhogging og ein poetisk instruksjon, deretter er det fritt fram. Situasjonen opnar utan større viderverdigheiter onsdag 29.mars kl. 11:00 med eit minikurs i regi av steinhoggarmeister Svein Olaf Eikner. Du treng ikkje vere der, men er veldig velkomen. Faktisk treng du ikkje kunne noko som helst om steinhogging frå før, det er viljen og pågangsmotet vi vil ha.
OM THE COMMONUMENT: Steinen er ei råblokk på 1, 5 tonn henta frå Gullfjellet i Bergen, passande verktøy for steinhogging er plassert i nærleiken, og oppmodinga til publikum er å bli med å forme verket saman. På opningsdagen 29.03. klokka 11 vil det som sagt bli ei kort innføring i steinhogging av steinhoggarmeister Svein Olaf Eikner. Om ein ikkje får den med seg, er ein likevel velkomen til å delta – alle som tar del i utforminga får frie tøylar, og kven som helst kan arbeide vidare med det som er gjort frå før. Tittelen er ei samanstilling av orda ”come on – cooperative – common – community – monument”, samtidig som det drar veksle på ”.com”-omgrepet.

 

THE COMMONUMENT – Vågestykke #7
Want to join? Wednesday 29.03.2017 The Commonument opens at HVL, Campus Kronstad, under the wings of KOROs Vågestykke. There, it will be placed throughout april and may, available for everyone who wants to take part in developing it further.
In short, the piece is a collective stone carving: A 1,5 ton heavy soapstone from Gullfjellet in Bergen is mounted in Foajèhagen at Campus Kronstad alongside with manual tools for stone carving and a poetic instruction. From there on, its free for everyone who would like to attend. There, the rock will stay for a period of about two months – or, until it has disappeared or dissolved into dust between our busy hands and tools.
The Commonument opens with a mini-course in the art of stone carving by stone carving-master Svein Olaf Eikner at 11:00, wednesday 29th of March. You don´t have to be there, but are very welcome.

 

Foajehagen, Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

https://www.facebook.com/events/1314480321938916/