Select Page

winther

20/3 – 22/3
Lør-Søn//Sat-Sun: 12 – 16
Vernissage:
20/3: 19.00
 

Me sansar livet/”verkelegheita” gjennom vår fysiske kropp. I kroppen skapar me individuelle sanningar basert på tolkingar av sanseerfaringar og ord. Å vera fysisk tilstade i eksistensen, handlar om å få ei fysisk forståing av ei sanning som ikkje oppstår i tanken, men i det å vera i kontakt med naturen/rommet kring oss. 

Utstillinga vil tematisere det å vera fysisk og mentalt tilstade i eksistensen, tanken og i kroppen, som ei motsetnad til det digitale. Eg har valt skogen som rom fordi den er eit symbol på det underbevisste, og samstundes eit rom som opnar opp for fysisk utfalding. Går det ann å vera fysisk tilstade i det underbevisste? 

I sommar knakk eg ein finger på teiknehanda. Den andre handa tok over ei stund. No teiknar og skriv eg med begge. Dei har veldig ulike språk. Utstillinga vert òg ei dialog mellom hendene og deira tilnærming til temaet. Dei ulike måtane eg teiknar på, handlar òg om ulike måtar å tenkje. Ulike måtar å vera tilstade i tema eg jobbar med, og å sjå ting frå ulike vinklar.

Brynhild Winther går no BA2 på KHiB. Teikning er hovudspråk, men Brynhild jobbar òg med tekst, skulptur, found objects, foto, installasjon og med kroppen. Utstillinga er sett saman av ulike teknikkar som kretsar kring same tema.

Del to av denne utstillinga vil bli vist på Tegnerforbundet i Oslo i slutten av oktober 2015.

 

Galleri Fisk
Kong Oscars Gate 46
gallerifisk.no