Select Page

arne plakat 03 web

 

30/5 – 8/6
Lør 31/5 – Søn 1/6: 13 – 18
Tirs 3/6 –Søn 8/6: 13 –18
Vernissage:
30/5: 20.00
 

«Eg har malt eit bilde som eg syns er ok. Det er raudt. Eg gjorde det
slik: la på raud med ein stor brei pensel, som ei lavering. Så
fluffa eg til med nokre kinesiske kalligrafiske naturaktige linjer.
Så la eg på nye laveringer med raudt. Så malte eg inn eit par-tre
felt med brunlilla som eg la litt svart kontur på. Så la eg inn to
rettvinkla stolper i to ulike grønn-variantar. Så tok eg svart tusj
og malte opp nokre rette streker side ved side oppe og midt på
bildet. Eg la og ein feit kontur på ein av dei brunlilla formene og
lot ein lys grønn bore seg ned i dei svarte strøka – det vart ein
fin volum-effekt av dette. Eg la på ein raud som var meir mot det
blå, ei form som som var som Langbeins øre. Eg la og på ein svart
oval som eg dytta på med ein vinballong. Eg jobba til sist oppå dei
brunlilla formene med ein tynn mørk blå – litt cartoonaktige volum
oppbygginger. Så snudde eg alt 90 grader mot venstre – frå liggande
til stående format og så var fanden ta bildet ferdig.»

Arne Revheim (f.1965) er billedkunstner.
Han er også grunnlegger av NBK (Norske Ballkunstnere, landslaget av
fotballspillende billedkunstnere), samt styreleder ved
Hydrogenfabrikken Kunsthall.

Lille Markeveien 15
5005 Bergen
blokkbergen.no
blokkbergen@yahoo.no