Select Page

20/05/2016 – 12/06/2016

Åpningstider:

Fre-søn 12.00-17.00

Vernissage: 20/05 kl. 19.00

Festspillutstillingen:

Vi ønsker å lage ein rominstallasjon for Christinegaard, altså eit tredimensjonalt arbeid i galleriets målestokk. Arbeidet blir relatert til rommets vegger, golv og tak, og mest sannsynleg med lys som eit vesentleg element. Christinegaards utstillingsrom er inspirerande å gripe fatt i fordi det har ein så sterk eigenkarakter i form, materialitet og lystilgang. Galleriet er også spennande fordi det stadig viser samtidskunst på profesjonelt nivå.Den konkrete utforminga vil finne si endelege form gjennom samtale og samvirke mellom oss og rommet i den arbeidsprosessen som pågår nå.

Vi (Eva Kun og Arne Ingvaldsen) arbeider begge med utgangspunkt i kvalitetar som er til stades i den aktuelle situasjonen. Som regel arbeider vi kvar for oss. Vi har også hatt ulike måtar å gripe rommet an på. Sjå gjerne respektive nettsider: www.evakun.no og www.arneingvaldsen.no

Det spesielle med dette prosjektet er at det blir eit samarbeid. Det åpner for at det kan skje noko nytt, som det for eksempel skjedde i fellesprosjektet «Mound» på Tyssøy.

 

Galleri Christinegaard

Formannsvei 3

galleri.christinegaard.no