Select Page

10/05/2019 – 19/05/2019

Åpningstider:

mon– sun kl. 12–16

 thu kl. 12–18

Vernissage:

10/05 kl. 19:00 – 21:00

I min praksis er eg tiltrekt av ting som har ein ubestemt form; som er utan klart formål. Desse objekta er interessante fordi dei har potensiale til å kunne endre seg ved å berre vere seg sjølve. Dei er ikkje forutbestemte som kun ein Ting, men kan lett bli tolka som kva som helst som ein kan trekke ut frå sitt eige minne. Tingen er det vi tenker om verda, heller enn det vi finn i verda. Anten det er ein medviten handling eller ikkje, tileignar vi Tingen ei meining som passar til våre behov og formål. Eg vekslar mellom å sjå på skulpturane mine som subjekt med deira eigen historie og verdiar som eg må ta omsyn til – og som reine objekt eg herskar over som deira skapar, der eg kan omskape og utslette når som helst. Eg vel også å sjå at objektet krevjar sin eigen rett og plass i omverda. Å holde fullstendig kontroll over dei er umogleg. Materialet snor seg vekk frå vår definisjonstrang og blir gjennom auget til noko nytt for kvar gang vi møter det. Det er naturleg å spørje kva det er det, dette vi ser på. Alle vil vi jo vite kva det eigentlig førestiller, men det finst ingen fasit. Eg veit ikkje alltid om ein skal plukke frå kvarandre det ein lager, klinisk og omstendelig, og prøve å forklare alt med store ord og samankoplingar. Av og til berre er dei. Dei sitt der og putlar med sitt.

Performance, sculpture and installation.

Visningsrommet USF

USF Verftet / Georgernes Verft 12 / 5011 Bergen

https://usf.no/visningsrommet/