08.02.2020 – 11.04.2020

Åpningstider:
Ons – fre kl. 11-15
Lør – søn kl. 11-16

Maia Urstad og Lars Ove Toft viser eit samspel av lyd og video inspirert av nære rørsler og langsame endringar som skjer utan at vi eigentleg er klar over det.

Breen over fjorden som endrar farge og krympar, sakte. Lyden av signal vi sender og mottar som endrar seg undervegs. Raden av små hendingar vi koplar saman til vår eiga røynd.

Lars Ove Toft (f. 1961) er dagleg leiar for BEK – Bergen senter for elektronisk kunst. I sitt kunstnarlege virke arbeider han med videoinstallasjonar, lyd- og lysdesign og bygger interaktive instrument. Hovudvekta av arbeidet skjer i samarbeid med andre kunstnarar og musikarar, sist med performance og installasjon ved PROA i Buenos Aires og Penghao Theater i Beijing. Lars Ove Toft bur og arbeider i Bergen, Norge.

Maia Urstad (f. 1954) har base i Bergen og arbeider i krysningsfeltet lydleg – visuell kunst, hovudsakeleg med lydinstallasjonar og performative lydverk. Ho har stilt ut i heile verda, seinast ved «14. biennale for mediekunst» i Santiago de Chile 2019 og «Hardanger musikkfest» i Lofthus 2019. I 2017 vart ho utnemnt som byens lydkunstnar i Bonn, Tyskland og vart tildelt Rune Brynestads minnestipend i 2019. Urstad er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har også bakgrunn frå musikkmiljøet. Les meir på www.maia.no

 

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

https://kabuso.no/