10/5–15/9
Ti–Fr/ Tu–Fr: 11–16
Lø–Sø/ Sa–Su: 11–17
Vernissage:
10/5: 19:00

Gjennom nyfikenheit, mot og kraft til å teste ut materiale, teknologi og arbeidsmåtar, har kunstnarane Kari Dyrdal, Torbjørn Kvasbø og Marit Tingleff løfta fagfelta sine til å bli noko nytt og anna. Denne sommaren vert dei presenterte i stor skala på KODE.

Midt på 1970-talet byrja tekstilkunstnaren Kari Dyrdal og keramikarane Torbjørn Kvasbø og Marit Tingleff på Bergen kunsthåndverksskole. Tidspunktet skulle falle saman med den største faglege brytningstida på 1900-talet både i og utanfor Noregs grenser. Gamle ideal knytt til form og funksjon vart erstatta av idear om materialutforsking og frie kunstnariske uttrykk. Dette gjekk ikkje stille for seg i Bergen.

40 år seinare er Dyrdal, Kvasbø og Tingleff framleis djupt forankra i materiala dei valte seg den gongen. Alle tre arbeider i store format på grensa til det fysisk umogelege, men dei faglege strategiane for å komme dit er ulike: Dyrdal har erstatta vevstolen med datamaskin, og brukar dei praktiske erfaringane sine for å utforske digital vev. Kvasbø brenn sine store røyrskulpturar i sjølvbygd, vedfyrt omn etter asiatiske førebilete. Tingleff viskar ut grensa mellom fat og måleri i det uforedla materialet leirgods, med kjente former i uvanleg storleik.

KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff vert vist på KODE 2 og KODE 4, med opning fredag 10. mai.

Utstillinga er eit samarbeid med Musée National de céramique, Sèvres, Norwegian Crafts og Sørlandets Kunstmuseum.

FORCES – Dyrdal Kvasbø Tingleff

With their curiosity, courage and determination to test materials, technology and work methods, the artists Kari Dyrdal, Torbjørn Kvasbø and Marit Tingleff have transformed their disciplines into something new and different. This summer, KODE presents a major exhibition of their work.

 

In the mid-1970s, the textile artist Kari Dyrdal and the ceramicists Torbjørn Kvasbø and Marit Tingleff all began their studies at the National College of Art and Design in Bergen. It was a time when the crafts field was experiencing perhaps the most profound upheaval since the early years of the 20th century – both inside and outside Norway. Old ideals of form and function were being swept aside by innovative approaches to materials and free artistic expression. It was a period that didn’t pass quietly in Bergen.

 

Forty years later, Dyrdal, Kvasbø and Tingleff are still deeply committed to the materials they chose back then. All three work in large formats at the limits of physical possibility, yet they differ in their strategies for reaching that point: Dyrdal has replaced the loom with a computer, using her practical experience to explore digital textiles. Kvasbø fires his huge tubular sculptures in self-built, wood-fired kilns. Tingleff blurs the boundary between plates and painting in “primal material” clayware that explores familiar forms on an unfamiliar scale.

FORCES – Dyrdal Kvasbø Tingleff opens on Friday 10 May in KODE 2 and KODE 4.

The exhibition is a co-production with the Musée National de céramique, Sèvres, Norwegian Crafts, and Sørlandets Kunstmuseum, Kristiansand.

http://kodebergen.no/

Rasmus Meyers allé 9, 5015 Bergen