16.02.2020 – 12.04.2020

Åpningstider:
Tys– fre kl. 11–15

Vernissage:
16/02 kl. 14:00 – 17:00

Galleri Salhus v/Norsk Trikotasjemuseum
Salhusvegen 201, 5107 Salhus
http://www.muho.no/norsk-trikotasjemuseum/utstillingar-i-galleriet


Utstillinga ETTERTANKAR syner arbeid av kunstnarane Ingrunn Oddny Myrland og Else Karin Tysse Bysheim.
Myrland har si kunstutdanning frå KiR, MA i visuell kunst/tekstil frå KHiO, og pedagogikk m.m. (www.nurgni.no)
Tysse Bysheim har mellom anna utdanning innan visuell kunst (KiB), tekstilkultur (VK), kunsthistorie (UiB) og kunstterapi. (www.elsekarin.no)
ETTERTANKAR er ei utstilling basert på erfaringar, minner, ro og uro. Den nære og intime kjennskapen me alle har til tekstilar, gjennom kleda me til ei kvar tid har på kroppen, gjer at arbeida til Myrland og Tysse Bysheim vekkjer gjenklang i våre eigne minner og erfaringar. ETTERTANKAR stimulerer såleis til refleksjon kring det å vere menneske i verda, ved å røre ved både visuelle og fysiske minner i kvar og ein av oss.
ETTERTANKAR er kuratert av Anneli Belsvik Aras.


English
The exhibiton AFTERTHOUGHTS shows work by the artist Ingrunn Oddny Myrland and Else Karin Tysse Bysheim.
Myrland has her art education from KiR, MA in Visual art/textile at KHiO, pedagogy etc. (www.nurgni.no)
Tysse Bysheim is educated in visual art from KiB, textile culture (VK), art history (UiB) and art therapy. (www.elsekarin.no)
AFTERTHOUGHTS is an exhibition based on experiences, memories, calm and turmoil. The close and intimate knowledge we all have of textiles, through dressing our bodies, make the work of Myrland and Tysse Bysheim reverberate in our own memories and experiences. AFTERTHOUGHTS thus stimulates reflection on being human in the world, by touching both visual and physical memories in each and every one of us.
AFTERTHOUGHTS is curated by Anneli Belsvik Aras.