Select Page

03/05/2019 – 05/05/2019

Åpningstider:

Lør– Søn kl. 14–18

Vernissage:

03/05 kl. 18:00 – 21:00

Prosjektrom C4 presenterer:

Harnessing – Erin Sexton

vernissage: fredag 3. mai 18:00 – 21:00

ustilling open: lørdag 4. mai + søndag 5. mai 14:00 – 18:00

Desse nye verka utgjer første innslag i ein serie nye skulpturar laga av fallskjermline. Dei dinglar frå kanten av det som kan berast på kroppen, og hintar om funksjonalitet som mogelegvis strekk seg inn i høgare dimensjonar. Sexton bruker fallskjermline-armbandet som utgangspunkt for å knyte i hop komplekse seletøy som innlemmer spenner og nett. Ho førestiller seg armeringar og armaturar for psionisk erfaring… energetiske behaldarar… taumar for skeptisisme… forsterkarar for våre ibuande evner.

Erin vil vere til stades og halde fram prosessen under utstillingsperioden, og inviterer til diskusjon og deltaking for den som skulle føle for slikt.

Skulpturserien kjem til å videreutviklast over sumaren som del av eit større samarbeidsprosjekt kalla “Contingency Planning”, og manifestasjonar av dette vil finne stad på BEK i Bergen i september og på Kurant i Tromsø våren 2020.

Erin Sexton (f. 1982) er ein kanadisk kunstnar basert i Bergen, Noreg. Skulpturane og installasjonane hennar involverer funne gjenstandar, presenningar, teip, tradisjonelt tauarbeid (knutar, spleising, filering), tekstilar og krystalliseringsprosessar. Eit science fiction-survivalisme-narrativ gjennomsyrer kunstnarskapet hennar, der alternative paradigme, framand topologi, mjuk apokalyptikk og spekulativ kosmologi utforskast. Ho har radioamatørlisens (LB9OH/VE2SXN), og bruker ionosfæriske overføringar til å skape kollektive ritual og utvida kommunikasjonsformer. Tverrfagleg samarbeid har ein sentral plass i hennar virke, og resulterer ofte i konferansar, gruppeworkshops og publikasjonar.

Prosjektrom C4 presents:

Harnessing – Erin Sexton

vernissage: friday 3 may 18:00 – 21:00

exhibition : saturday 4 may + sunday 5 may 14:00 – 18:00

The first in a new series of parachute cord sculptures, these works dangle on the edge of wearablity, suggesting functionalities that could extend into higher dimensions. With the paracord survival bracelet as her starting point, Sexton knots complex harnesses that incorporate buckles and netting. She is imagining armatures for psionic experience… energetic vessels… restraints for skepticism… amplifiers for our innate abilities.

Erin will be present during the exhibition, continuing her process while inviting discussion and participation if one is so inclined.

She will further develop this series over the summer as part of a larger collaborative project titled ‘Contingency Planning’, to be manifested at BEK in Bergen this September and at Kurant in Tromsø in spring 2020.

Erin Sexton (b. 1982) is a Canadian artist based in Bergen, Norway. Her sculptures and installations involve found objects, tarpaulin, tape, traditional rope work (knots, splices, netting), textiles, and crystallization processes. A sci-fi survivalist narrative runs through her work, exploring alternate paradigms, strange topologies, soft apocalyptics, and speculative cosmologies. She is a licensed amateur radio operator (LB9OH/VE2SXN), using ionospheric transmission for collective ritual and expanded forms of communication. Cross-disciplinary collaboration is central to her practice, which often results in conferences, workshops, and publications.

Prosjektrom C4

C. Sundts gate 4, 5004 Bergen

http://www.erinsexton.com