15/06/2019 – 08/09/2019

Åpningstider:

man– søn kl. 11–17

Vernissage:

15/06 kl. 13:30 – 16:00

Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth er inviterte til å utvikle ei utstilling i dialog. Pettersen er ein nestor i norsk maleri, med høg aktivitet heilt tilbake i det gryande 1970-talet. Kvendseth er ein yngre kunstnar som byggjer og sett i hop skulpturar, tekst og installasjon. Dei tek båe tak i denne mjuke framandgjeringa ein kan kjenne i møte med verdas kompleksitet. Båe flyttar merksemda nokre cm til sides, eller opp om ein heller vil sjå den vegen. Båe veit mykje om knivar, stein og stille ettertanke.

Arvid Pettersen gjekk ut frå SHKS i Bergen 1967. Han har ei omfattende utstillingsrekkje bak seg, deriblant Kunstnerforbundet, Galleri Riis, Henie Onstad Senter, Aarhus Museum, Bergen Kunstforening, Trondhjems Kunstforening og Chinese European Artcenter, Xiamen.

Gabriel Johann Kvendseth gjekk ut med ein M.A. frå Kunst og designhøgskulen i Bergen i 2013. Han har stilt ut på Nordnorsk Kunstmuseum, Samisk senter for samtidskunst, RAKE Visningsrom, Murmansk Regionale Art Museum, Arkhangelsk Fine Arts Museum, KRAFT, Del Infinito i Buenos Aires, LYNX, Kristiansand Kunsthall, Kunstindustrimuséet, Kreuzberg Pavillon og KODE2.

Arvid Pettersen and Gabriel Johann Kvendseth are invited to develop an exhibition in Kabuso summer 2019.

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626 5610 Øystese,

www.kabuso.no